Gå videre til innholdet

Velkommen til snaope.no

Ingen frakt - kjøp og last ned dine produkt

Kjøps- og brukarvilkår

Partane

Selgar er SNAOPE REBNI OG VERLO/ snaope.no, som drivast av Linda Moen Rebni og Marit Solberg Verlo. 
Adresse: Blåbærvegen 2, 6854 Kaupanger.
E-post: snaope@outlook.com
Tlf: 95890096.
Organisasjonsnummer: 831666722.
Snaope.no vert følgjande under omtala som selgar/selgaren eller snaope.no.
Kjøpar er den forbrukaren som foretar bestillingen, og vert følgjande under omtala som kjøpar/kjøparen.

Pris

Den oppgitte prisen for vara er den totale prisen kjøpar skal betale. Denne prisen inkluderer alle avgifter og tilleggskostnadar. Ytterlegare kostnader som selgar før kjøpet ikkje har informert om, skal kjøper ikkje bæra.

Avtaleinngåing

Avtalen er bindande for begge partar når kjøparen har sendt sin bestilling til selgaren. Avtalen er likevel ikkje bindende viss det har forekomme skrive- eller tastefeil i tilbodet fra selgaren i bestillingsløysinga i nettbutikken eller i kjøparen sin bestilling, og den andre part innsåg eller burde ha innsett at det låg føre ein slek feil.

Betalinga

Selgaren kan kreve betaling for vara frå det tidspunkt den blir sendt frå selgaren til kjøparen. På snaope.no kan ein betale med VIPPS, VISA, kredittkort, PayPal eller Klarna. Når kjøparen nyttar VIPPS, VISA, kredittkort eller PayPal ved betaling, kan selgaren reservere kjøpesummen på kortet ved bestilling. Kjøparen blir belasta same tidspunkt som vara vert sendt. Ved betaling med faktura, Klarna, blir fakturaen til kjøperen utstedt ved forsendelse av vara. Betalingsfristen går fram av fakturaen og er på minimum 14 dagar frå mottak av vara. Kjøparar under 18 år kan ikkje betale med etterfølgende faktura. Sidan varene på snaope.no er digitale varer/produkt, vil kjøpar få tilsendt varene umiddelbart etter kjøp. Kjøpar vert derfor belasta for kjøpet umuddelbart etter betaling.

Levering

Levering har skjedd når kjøparen, eller kjøparen sin representant, har overtatt produktet. Snaope.no leverer digitale produkt i eigen e-post med nedlastbar lenke umiddelbart etter at kjøpet er gjennomført. Dersom det skjer feil eller e-post med nedlastbar lenke til produktet/produkta ikkje vert levert til kjøpar, bør kjøpar først sjekke om e-posten kan ha havna i spam-innboks, og om ikkje, må kjøpar ta kontakt med snaope.no for å få løyst problemet og få tilsendt ny e-post med ny nedlastbar lenke til produkta kjøpar har kjøpt. Selgar, snaope.no, har 30 dager på seg til å løyse eventuelle feil med levering, og få levert lenkje til nedlasting av produkt til kjøpar.
Snaope.no selger kun digitale produkter. Snaope.no har derfor ingen retningslinjer med tanke på kostnader på frakt eller løysingar for frakt. Når kjøpar bestiller og betaler for digitale produkt, er det ingen kostnad knytta til frakt, då produktene ikkje er fysiske produkt, men digitale og skal lastast ned av kjøparen etter kjøp.

Angrerett

Angrerett på digitale produkt er svært begrensa. Snaope.no tilbyr i utgangspunktet ikkje angrerett på digitale produkt på grunn av at produkta er digitale, og at kjøpar har tilgang til produktet etter kjøp, og at retur ikkje er i samsvar med at produktet er fysisk. Lova om angrerett skiller mellom digitalt innhald som vert levert på fysisk medium og ikkje. Alle snaope.no sine digitale produkter vert levert på eit ikkje fysisk medium, ved at kjøpar lastar produkta ned sjølv. Snaope.no tilbyr ikkje angrerett på digitale produkt. Ved å godkjenne kjøps- og brukarvilkåra i forbindelse med kjøp på snaope.no godkjenner kjøpar at det ikkje er angrerett. I følge Forbrukerrådet fell angreretten på digitale produkter ved påbegynt nedlasting og strømming av digitale tjenester bort, også sjølv om dette ikkje vert fullført i sin heilhet. Forbrukerrådet slår fast at eigen feilbestilling ikkje gir ein kjøpar rett til å gå fra det digitale kjøpet. Viss ein har foretatt eit kjøp og ikkje lasta produktet ned, kan me vere fleksible, men når eit produkt er lasta ned, er dette etter lova levert.

Forsinkelse og manglande levering 

Dersom snaope.no ikkje leverer vara eller leverer den for seint i henhold til avtalen mellom partene, og dette ikkje skuldast kjøparen eller forhold på kjøparen si side, kan kjøparen i henhold til reglane i forbrukerkjøpslovens kapittel 5 etter omstendighetene holde kjøpesummen tilbake, kreve oppfyllelse, heve avtalen og/eller kreve erstatning fra selgeren. Ved krav om mislighaldsbeføyelser bør meldinga av bevisomsyn vere skriftleg til SNAOPE, på e-post til snaope@outlook.com. 

Mangel på produktet - kjøparen sine rettigheiter og reklamasjonsfrist

Viss det foreligger ein mangel på produktet må kjøpar innan rimeleg tid etter at den blei oppdaga eller burde ha blitt oppdaga, gje snaope.no melding om at han eller ho vil påberopa seg mangelen. Kjøpar har alltid reklamert tidsnok dersom det skjer innan 2 mnd. frå mangelen blei oppdaga eller burde blitt oppdaga. Sidan dette er digitale varer/produkt, kan ikkje kjøpar returnere produktet til snaope.no, jamfør punkt om angrerett, men snaope.no, vil etter at kjøpar har gitt melding om mangel på produktet, rette opp i feilen i det digitale produktet, og sende kjøpar eit nytt produkt der mangelen er retta opp innan 30 dagar etter at kjøpar har gitt melding om at vara har manglar eller feil. Reklamasjon til selgeren bør skje skriftleg på epost: snaope@outlook.com. Dersom snaope.no ikkje rettar opp i feil på produktet innan 30 dagar etter at kjøpar har reklamert, kan kjøparen heve kjøpet når mangelen ikkje er uvesentlig.

Selgaren sine rettigheiter ved kjøparen sitt mislighold

Dersom kjøparen ikkje betalar eller oppfyller dei øvrige pliktane etter avtalen eller lova, og dette ikkje skuldast snaope.no eller forhold på selgaren si side, kan snaope.no i henhold til reglane i forbrukerkjøpsloven kapittel 9 etter omstendigheitene holde varen tilbake, kreve oppfyllelse av avtalen, kreve avtalen hevet samt kreve erstatning fra kjøparen. Snaope.no vil også etter omstendigheitene kunne kreve renter ved forsinket betaling og inkassogebyr.
Snaope.no kan heve avtalen dersom det foreligger vesentleg betalingsmisleghald eller anna vesentleg misleghald frå kjøparen si side. Snaope.no kan likevel ikkje heve kjøpet dersom heile kjøpesummen er betalt. Fastsetter snaope.no ein rimeleg tilleggsfrist for oppfylling og kjøparen ikkje betalar innan denne fristen, kan snaope.no heve kjøpet.

Personopplysningar

I forbindelse med bestillinga til kjøpar eller ved at kjøpar oppretter ein brukar, godtar kjøpar at snaope.no kan lagra og bruka informasjonen om kjøpar i kommunikasjonen og kundeforholdet med kjøparen. Snaope behandlar kjøparen sin informasjon konfidensielt og vil ikkje avsløre kjøparen sin personlege informasjon til tredjepart. Snaope.no forbehalder seg retten til å nytte e-post til å informere tidlegare kjøparar om tilbod eller nyhetsbrev. Snaope.no nyttar Klarna, PayPal og VIPPS, som betalingsleverandørar, og ved kjøp på snaope.no godtar kjøpar at også desse kan lagra og bruka kjøpar sin informasjon knytt til ordrer på snaope.no. 

Konfliktløysning

Klagar rettast til snaope.no innan rimeleg tid, jf. punkt om manglande levering eller feil på produktet. Snaope.no og kjøpar skal forsøke å løyse eventuelle tvistar i minneligheit. Dersom dette ikkje lukkast, kan kjøparen ta kontakt med Forbrukertilsynet for mekling. Forbrukertilsynet er tilgjengeleg på telefon 23 40 06 00 eller www.forbrukertilsynet.no. Europa-Kommisjonen sin klageportal kan også nyttast viss du ynskjer å sende ein klage. Det er særleg relevant, hvis du er forbrukar busett i eit anna EU-land. Klagen inngis her: http://ec.europa.eu/odr.  

Copyright og forbehald om avvik

Alt innhald på www.snaope.no er eigedom av SNAOPE REBNI OG VERLO og er beskytta etter blant anna opphavsretts-, marknadsførings- og varemerkelovgivinga. Dette innebærer at varemerker, firmanavn, produktnavn, informasjon om produkter, herunder blant anna omtale av produkta, bilder/grafikk, design og layout og anna innhald på desse nettsidene under kvar omstende ikkje kan lastast ned, kopierast eller nytta på anna måte utan at dette er eksplisitt tillatt etter ufravikeleg lovgjevnad eller etter uttrykkeleg skriftleg forhåndssamtykke frå SNAOPE REBNI OG VERLO. Alle produkt på snaope.no er utarbeida av SNAOPE REBNI OG VERLO og er beskytta av åndsverklova. Det er ikkje tillatt å kopiere, selge eller vidareformidle våre produkt. Me tar også forbehald om at kjøpar sin utskrift kan fravike frå bilete av produkta som vises på snaope.no, og at utskrivne produkt kan få andre nyanser enn fargene som vises på snaope.no. Dette er avvik som kan oppstå då skrivarar og skjermer kan oppfatte fargar på ulik måte.