Om Snaope

Me heiter Marit og Linda, og har saman starta nettbutikken snaope.no. Me er to kreative sjeler, som saman kom på ideen om å selge digitale produkt. Me er begge opptatt av å skape noko og me likar å designe og lage digitale produkt som kunden kan kjøpe, laste ned og skrive ut. Dette tenkjer me er med på å skåne miljøet for frakting av produkt og kunden slepp å vente på leveranse i posten etter å ha handla på snaope.no. 

Ved å bestille eit digitalt produkt på snaope.no, vil du få tilsendt ei nedlastbar fil på e-post som skal lastast ned og lagrast lokalt på din einheit og kan skrivast ut så mange gonger du vil. Så SNAOPE! Me anbefaler alltid å skrive ut på papir av betre kvalitet og du kan også sende designet vidare til trykking hjå andre aktører som held på med trykk.

Sidan me er ei ganske fersk lita bedrift, jobbar me no på spreng med å designe andre spennande produkt i butikken vår. Så følg med på nyheiter etterkvart. Følg oss også gjerne på Instagram og Facebook, det set me pris på. 

 
Ikkje nøl med å ta kontakt med oss om det er noko som er vanskeleg eller du har innspel til kva me kan designe eller om du vil gje ris eller ros.

 

Du kan nå oss på e-post: snaope@outlook.no

 

Me håpar du blir fornøgd med ditt kjøp!

Beste helsing frå Snaope, Linda og Marit